Han ga seg ikkje før det var fullført Jesus. Lydig inn til døden? I det heile lydig? Det er ikkje slik Jesus framstår i bibelen, i alle fall ikkje slik eg forstår ordet lydig! Han gjer ingen ting fordi nokon kommanderer han til det! Han korkje kryp eller sleiker nokon oppetter ryggen. Han står der rakrygga og gjer det han kjenner er rett! Men han er lydhør overfor Guds vilje med hans liv.
Rett nok kjempar han med seg sjølv der i Getsemane hagen når han ber om at «dette begeret» må gå forbi han! Det syner at han var glad i livet, i sine! Men det er ein rakrygga kar som frivillig legg sin vilje inn under Guds! Som seier; «din vilje skje!»
Lydig er eit lite egna ord om vi skal seie noko om korleis vi skal og best kan forhalde oss til Gud. Han ber ikkje om, eller ynskjer underdanige og krypande; han ynskjer frie lydhøre som med sin eigen viljes fulle kraft lyttar og responderer på hans gode vilje.
Ord for dagen ved sokneprest Eli Vatn